Arabu høyrer til dei få stader som kan tilby eit nær uavgrensa område for turskiløyparar med heile Hardangervidda å ta av. Me har utvikla vårt eige løypenett som er kopla saman med resten av det omfattande løypenettet i Raulandsområdet. Ein må derfor bu lenge på Arabu før ein treng å gå same turen om att!

    For alpinistar er det store tilbod i Rauland med Rauland Skisenter og Rauland Skisenter Vest som har velutvikla anlegg med heisar, trasear, skiskule m.m.

    Få kilometer frå Arabu ligg også Vierli Vinterland som er eit eldorado både for små og store med kjelkebakkar, miniskuterkøyring, reinsdyr m.m.


    Adresse: Arabu Hyttegrend, 3864 Rauland, Norge. E-post: post@arabu.no
    Telefon: 35074355 / 35074340 - Mobil: 906 74132 / 909 74340